Ikkje alle var begeistra då Stig Ulstein, Morten Ulstein og Einar Kristensen danna selskapet Ulsteinvik Utvikling og presenterte planane om ei utbygging langs  Sjøgata i Ulsteinvik. For å gjere ei lang historie kort: planane gjekk etter kvart gjennom i Ulstein kommune, og steinlass på steinlass frå Eiksundtunnelen vart dumpa i sjøen for å skape byggeareal for husa på Sjøsida. Det meste av kritikken har tagna i takt med at husa har reist seg.

Ein fasade mot sjøen

– Intensjonen vår var å gi Ulsteinvik sentrum eit ansiktsløft. Ein fin fasade mot sjøen. Vi starta diskusjonen før det vart avgjort å flytte Ulstein Hotel frå Varleite til sentrum. Optimistiske som vi var, trudde vi at hotellet og Sjøsida skulle byggjast samtidig. Men for Sjøsida trekte det ut, oppsummerer Stig Ulstein.

I nokre månader til er Sjøsida ein byggeplass, men husa og uteområdet byrjar å ta form, og dagleg leiar Jon Ove Ringstad i Naustneset AS, eit av selskapa som er aksjonærar i Ulsteinvik Utvikling AS, viser stolt fram området.

– Dette blir ei fantastisk oppgradering av Ulsteinvik sentrum, seier han i det han rundar hjørnet på det eine bygget og stegar ut på den frostfrie promenaden som går på nedsida av bygga. Promenaden, som har innlagd vassboren varme, gir tilgang til sjøen for alle både sommar og vinter.

– Vi får ei heilt unik sjøside. Eit vindu ut mot sjøen, seier Ringstad. I trappene ned mot sjøen kan folk setje seg ned og nyte utsikta mot havet, småbåthamna og fugl og fisk som dreg forbi.

Byggetrinn 1, som no er under oppføring, er på fem etas-jar. I første etasje er det planlagt butikkar og restaurantar, i andre etasje kontor og anna næringsverksemd.

Ringstad vil ikkje fortelje kven som skal inn i lokala, men svarar at dei fyllest gradvis opp.

– Vi har fokus på mindre butikkar, der drivarane ønskjer å styre sine eigne opningstider, forklarer han.

Næringsareala skal stå ferdige innan første halvdel av 2015. Dei som skal jobbe der får flotte arbeidsplassar. Store vindusflater syter for eit luftig inntrykk.

25 av 28 leilegheiter er selde

I tredje, fjerde og femte etasje er 25 av i alt 28 leilegheiter selde. Bygget har fire «penthouse»-leilegheiter, og tre av dei har ikkje skifta eigar enno. Prislappen på desse er mellom 7 og 9 millionar kroner, og Ringstad trur desse blir selde når folk får sjå kor flott det vert i området.

– Alle dei andre leilegheitene, som har ulike storleikar, er selde. Vi kunne ha selt vesentleg fleire, noko som vil gjere det lettare å gå i gang med byggetrinn 2. Men før dette vert gjort, skal alle kontraktar med leigetakarar i næringsdelen vere på plass, slår Ringstad fast. Byggetrinn 2 blir eit vesentleg mindre bygg, på 10-14 leilegheiter. Sjøfronten vert no gjort ferdig til og med byggetrinn 2.

Dei som skal ha leilegheit på Sjøsida kan køyre bilen rett ned i det undersjøiske garasjeanlegget, som har plass til 68 bilar. Derfrå kan dei ta heisen rett opp til leilegheitene sine.

I tillegg til dei 28 private leilegheitene kjem 14 omsorgsbustader som Ulstein kommune disponerer. I denne delen av bygget blir det også innreidt eit fellesrom for sosiale aktivitetar.

– Sjøsida har blitt eit godt prosjektsamarbeid mellom private investorar og Ulstein kommune, seier Ringstad.

FAKTA Sjøsida:

Byggherre: Ulsteinvik Utvikling AS. Aksjonærar i selskapet er Borgstein AS, Naustneset AS, Bakkely AS, Jon Kleven AS, Hareid Elektriske AS, Rome AS, HUK Invest AS, Ulmar AS, Loen.

Arkitekt: Slyngstad Aamlid arkitekter.

Hovudentreprenør: Peab Nordang.

Byggetrinn 1 har 28 private leilegheiter + 14 kommunale omsorgsbustader i ulike storleikar.

Utbyggingskostnader: 260 mill. kroner.

Det er regulert inn eit byggetrinn 2 og 3.

Ulsteinvik Utvikling vurderer no om dei skal starte byggetrinn 2.