Leiar Ingar Teigene hos Lefdal i Saunesmarka opplyser at innbrotet vart avdekt tidleg i morgontimane måndag. Han vil ikkje seie noko om korleis innbrotet har skjedd. Politiet har vore på staden og sikra seg spor, også tekniske etterforskarar er sett på saka.

- Tjuvane har vore bevisste. Også i val av tidspunkt. Dei veit at butikken no bognar av varer som skal seljast under julehandelen, kommenterer Teigene.

Han legg til at butikken i Saunesmarka alt har sikra seg nye varer frå omkringliggande butikka.

- Så på det feltet er vi operative allereie no, seier han.

Politiet ønskjer hjelp frå publikum og tips om trafikk og andre observasjonar i området natt til måndag.

Har du tips så kan du melde desse til politiet på 02800.