I år er det 50 år sidan den første kvinna, Ingrid Bjerkås, vart ordinert til prest i Den norske Kyrkja. I Møre bispedømme er det 39 år sidan ordineringa av den første kvinnelege presten, som var Kari Synnøve Gaustadnes Hoel.

Etter dette har Møre bispedømme hatt ytterlegare 31 kvinner i offentlege prestestillingar (inkludert biskop Midttømme).

Markerer jubileet med hefte

Kyrkja vår har gitt ut eit lite hefte om 50 års røynsle med kvinnelege prestar – med tittelen «Kven kan seia nei til Gud?»

I heftet er der også med innlegg av biskop Ingeborg Midttømme og tidlegare Møre-biskop Odd Bondevik.  Tidlegare sokneprest i Ørsta, Matias Austrheim, fortel om sin eigen veg til prestetenesta og om kva tankar han har om kvinner i denne tenesta. Heftet er i ei lett tilgjengeleg form og forsynt med gode bilde.

Her er lista over dei 32 kvinnene som har vore tilsette i offentlege prestestillingar i Møre bispedømme, med ordinasjonsår:

1975 Kari Synnøve Gaustadnes Hoel

1984 Anne Lise Ådnøy

1985 Sigrid Sigmundstad

1988 Ruth Glæstad

1989 Evy Risa Kvamsdal

1991 Ida Etnestad

1991 Ingeborg Matre

1994 Lene Gåsvatn

1995 Aud Bergheim Kringstad

1996 Edel Margrete Jonasdatter

1997 Cathrine Hopstock Havgar

1998 Merete Kavli

1999 Karen Margrete Mestad

2001 Margit Lovise Holte (Ulstein)

2002 Grethe Lystad Johnsen

2002 Astrid Lindman

2002 Cathrine Grutle

2004 Gerd Anne Aarset

2006 Signe Hellevik

2006 Carina Møller

2007 Bente Hellstrøm Nyseth

2007 Inger Marie Jacobsen Sylte

2008 Bjørg Marit Hasselgård

2009 Anna Dalaker

2009 Iselin Jørgensen

2010 Anne Marit Riste

2011 Maria Vassli Gjære

2012 Ragnhild Annie Fuglseth

2013 Ruth Eva Sollie (Hareid)

2013 Ragnhild Lakang Nordmark Due

2014 Kari Vatne

Vigsla til biskop i Møre:

2008 Ingeborg Synøve Midttømme