Eit brev frå sjuandeklassingane ved Hasund skule får levekårsutvalet i Ulstein kommune til å be partia tenkje seg om på ny.

Elevane er leie seg for at dei ikkje får reise på leirskule. Dei vil svært gjerne til Dombås. – Vi har alle gledd oss til Dombås. Då vi fekk vite at vi ikkje skulle dit vart alle skuffa, skriv elevane.

Dei argumenterer med at dei blir meir samansveisa av å vare på tur og at turen hadde blitt eit farvel med klassen før dei byrjar på ungdomsskulen. Dei argumenterer også med at dei på leirskulen kjem seg bort frå mobiltelefonen og data. Og fleire av dei har lyst til å stå på ski. Brevet er signert alle i klassen.

Då brevet var oppe som orientering til levekårsutvalet ende det med at utvalet ber partigruppene vurdere dette tiltaket på nytt.