Syskena Berge og Gunnar Hjørungnes – den eine arkitekt, den andre grunneigar og tiltakshavar - har søkt Hareid kommune om grønt lys for å starte detaljplanlegginga av eit «klyngetun»-byggefelt i Øvrelid i Hjørungavåg.

Området ligg på garden Bakken, der Gunnar Hjørungnes bur.

Planen omfattar 15 mål av tunet og innmarka på garden og er dimensjonert for 12-18 bustadeiningar i ulike storleikar. Området vart avsett til bustadområde i kommuneplanen av 2012.

Det skal også leggast til rette for at eldre bygningar kan flyttast til området  for rehabilitering og nyoppføring.

Planane legg opp til at dei som bur i feltet kan ha eigne dyr og husdyr og drive med hage- og åkerbruk på parsellane som går ut frå «klyngetunet». Det er også planen at dei som bur i feltet skal ha tilgang til jakt- og innlandsfiske (i Hjørungdalsvatnet) og naust ved sjøen på det området i Liavågen som tilhøyrer garden.

I planane inngår det også å legge til rette for bygging av felles møterom, verkstader, hobbyrom, rom for handtering av matvarer og for lagerformål. Med fellesrom kan dei sjølveigde kjernebustadene ha ein meir nøktern storleik enn «vanleg» standard i dag og verte rimelegare i oppføring og drift.