Gnist-barnehagen på Holstad klaga på det kommunale tilskotet for 2013. Men får tilbakemelding om at dei har fått kr. 380.000 for mykje.

Saka kjem opp i Hareid formannskap før kommunestyremøtet komande torsdag.

Den private barnehagen på Holstad (tidl. Grønmyr) fekk i 2013 kr. 14.913.847 i kommunalt tilskot. Det har vore mange «duellar» mellom kommunen og den private barnehagen dei siste åra om storleiken på det kommunale tilskotet.

Seinast 20. oktober i år klaga Gnist på utmålinga.

Men etter at kommunen har rekna ein gong til, er tilbakemeldinga til Gnist at dei fekk kr. 380.492 for mykje i 2013. Dei skulle ha fått overført «berre» kr. 14.533.355 i kommunalt tilskot.

15. september 2013 hadde barnehagen på Holstad 72 born. Dette auka til 100 per 15. desember, etter at barnehagen utvida med tilbygg.

Skal etterjustere

Der finst ei forskrift om likebehandling av kommunale og private barnehagar når det gjeld tilskot. Dersom rekneskapen avvik frå det som låg til grunn for fastsetjinga av dette tilskotet, skal det gjerast vedtak om etterjustering. Hareid kommune sende ut vedtak om slik etterjustering 29. september i år. Gnist svarte med å krevje betre dokumentasjon. Då denne kom meinte Gnist at dokumentasjonen framleis var utilfredsstillande – og klaga på tilskotet.

I tilrådinga til formannskapet foreslår rådmann Grytten at dei kr. 380.492 som kommunen har til gode med Gnist-barnehagen, blir avrekna i 2015.