Ergoterapeut Elisabeth Myrene ved Hareid sjukeheim fortel at rehabiliteringsleilegheita har eksistert i eitt år, men at ho ikkje har vore særleg koseleg.

Men for ei tid tilbake tok Lena Larsen, koordinerande sjukepleiar i heimetenesta, initiativet til å gjere noko meir ut av denne leilegheita. Og resultatet vart at Brukt & Billig, som er ein del av Hareid frivilligsentral, bestemte seg for å bruke overskotet frå butikken til å kjøpe nye møblar og utstyr til leilegheita.

- Vi er svært takksame for denne gåva. Leilegheita har blitt så mykje trivelegare, kommenterer Elisabeth Myrene.

Overskotet frå Brukt & Billig har blitt brukt til å kjøpe både møblar, inventar, gardiner, lampar og kjøkkenutstyr.

Ergoterapeuten fortel at rehabiliteringsleilegheita er tenkt som eit korttidsopphald  på heiltid for folk som skal trene seg opp etter sjukdom. Tanken er at dei med rett trening og tilrettelegging skal kunne flytte heim att.

Funksjonelt

- Det er viktig å ha det triveleg og funksjonelt rundt seg når ein skal trene seg opp att, seier Myrene.

Ergoterapeuten fortel at rehabiliteringsleilegheita blir nytta av innbyggjarar som på grunn av skade eller sjukdom ikkje kan bu heime. Ved å bu i leilegheita, i staden for på sjukeheimen, må ein gjere meir av dei daglege aktivitetane som ein har når ein bur heime, men då i eit tilrettelagt og trygt miljø. Leilegheita vert også nytta som ein del av kartlegginga av personar som har hatt korttidsopphald på sjukeheimen og som er på veg heim.

- Ved å bu i leilegheita får ein lettare overblikk over kva vedkomande klarer eller ikkje klarer sjølv. Opphald i leilegheita vert vurdert av ressursteamet som har møte ein gong i veka, opplyser Elisabeth Myrene.