Nav Hareid har over lang tid registrert auka rusproblematikk mellom dei unge i kommunen. Til kommunestyremøtet torsdag denne veka ber dei om ei tildeling på 400.000 kroner – ei tildeling som vil kunne føre til at dei kan ha to personar i arbeid med å motivere ungdom bort frå rus.

Frå før har kommunen fått statlege midlar til 1,3 stilling. Men Nav meiner effekten vil bli mykje større dersom to personar kan jobbe på fulltid og dermed samarbeide og utveksle erfaringar. Dei 400.000 kommunale kronene skal gå til fullfinansiering av den andre stillinga.

Nav Hareid skriv at rusproblematikken fell saman med eit relativt stort fråfall i den vidaregåandeskulen og ungdom som ikkje fullfører vidaregåande opplæring.

Måla med den satsinga som Nav no vil gjere, er tredelt:

- Hindre rekruttering inn i rusmiljøet.

- Fremje rusfriheit.

- Følgje opp rusmisbrukarar.

Nav Hareid har ein rimeleg god tilgang til statlege tiltak som kan vere med på å få enkeltpersonar i arbeid og aktivitet, men der er ein del ungdomar som ikkje maktar å nyttiggjere seg dei fordi er avhengige av ein del motiveringsarbeid, vaksne som har tru pådei og som følgjer dei opp på ein konstruktiv måte.

I tilrådinga til kommunestyret seier rådmannen seg samd i at dette er eit viktig arbeid og at det er sannsynleg at ein får utretta meir med to heile stillingar enn med 1,3 stilling. Men han finn likevel ikkje økonomisk rom for å tilrå løyving