Speglar, knaggrekker, blomstrar, alt blir ribba bort frå toaletta ved Blåhuset i Ulsteinvik.

- No veit eg ikkje om vi lenger kan prøve å halde ein fin standard på toaletta våre, sukkar senterleiar Diana Moldskred ved Blåhuset.

Bakgrunnen for hjartesukket er at folk kjabbar med seg dei mest utrulege ting frå toaletta.

- Viss vi festar ei knaggrekke på veggen, slik at folk til dømes kan henge frå seg ei veske på henne, kan du vere sikker på at ho er skrudd ned etter nokre dagar. Det same skjer viss vi festar spelar på veggen. Dei forsvinn som dogg for sola.

Same skjebna har blomstrar som blir sett ut i krukker for å pynte opp fått. Og på dei kombinerte handikap- og stelleromma har nokon lagt sin elsk på skapet som blir fylt opp med eingangsbleier, vaskeserviettar og hudkrem.

- Vi har ikkje før fått fylt på det, før det er tomt.

Moldskred fortel at ting har hatt eit lag med å forsvinne frå toaletta heilt sidan Blåhuset vart opna, men at det har vorte ekstra ille i løpet av inneverande år.

- No kan vi ikkje lenger bruke så mykje ressursar på å pynte opp toaletta. Eg vil at folk skal vite at det ikkje er fordi vi ikkje ønskjer å stelle toaletta pent, men fordi alt bli fjerna, varslar senterleiaren.