Kommunane på Sunnmøre har fått seg ein ny, meir moderne kartportal på internett.

Det har vore lagt vekt på at løysinga skal vere enkel å bruke og rask å søke i, heiter det. Søkeadressa er den same som før: sunnmorskart.no.

I kartportalen ligg kommunane sine kartdata, t.d. tomtegrenser med gards- og bruksnummer, reguleringsplanar, flyfoto og oversikt over kommunale tomter som er utlagde for sal.

Den som klikkar på dei ulike objekta kan få opp meir informasjon - alt frå høgda på høgdekurver til Google Street View for det området det blir klikka på (dersom strekninga er filma).

«For å få løysinga til å fungere i Explorer må Silverlight vere innstallert på PC'en.  Nyttar du Chrome er ikkje slik innstallering nødvendig», heiter det i ein instruksjon om kartportalen på kommunane sine heimesider.