– Vi lovar god stemning og håpar på mange musikkglade på Bell Ungdomsklubb, står det i ei pressemelding.

-Ta med deg musikkglade vener og kjende, og bli med på tur i skógen, oppmodar Sondre Skorgen og Vegard Johansen.Duoen er dei faste medlemmane i prosjektet Skóg som har rotfeste mellom fjord og fjell i vakre Snipsøyrdalen i Hareid kommune.

Musikk og teikneserieSkóg lagar musikk der sorg og glede går hand i hand på nytt og spanande vis. Bandet har fenga mange på sin veg, og er klare for å famne om fleire. Sjekk ut kva Skóg har å by på: https://soundcloud.com/skogofficial-På konsertkvelden blir det også sal av vår nye teikneserie Stua, som er basert på ei av låtane vi skal framføre, fortel Skóg-karane.Tema er tid og kjærleik utført med metaforsike verkemiddel, og forfattar Sondre Skorgen skildrar teikneserien som husmorfilosofi. Illustrasjonane er laga av kunstnar Maria Pasenau.

Tomas tilbake på BellMedan Skóg spelar på Bell Ungdomsklubb for første gong, er Bell-scena nærast som heimebane og rekne for  Tomas Håndlykken. 17 år gamle Tomas går musikklinja ved Volda vidaregåande skule og song nyleg saman med Ulstein Storband føre 350 personar i Sjøborg kulturhus. -Eg gler meg til å spele på Bell der eg tidlegare vanka ofte, var med i ungdomscrewet og stilt på scena mange gonger, seier Tomas.17-åringen er også kjend for mange gjennom Ungdommens kulturmønstring der han gjennom fleire år har vist fram sitt talent, og fleire gonger gått vidare til fylkesmønstring.-Under konserten fredag vil eg både framføre eige materiale og coverlåtar. Start juleferien med oss på ungdomsklubben, oppmodar Tomas.

Siste Bell-kveld i årFredag vert siste opningskveld på Bell Ungdomsklubb i år. Aldersgrensa er frå 8.klasse til 20 år, og det er sjølvsagt som alltid rusfritt.Det nye året vert starta med crewmøte tysdag 6.januar. Fredag 9.januar er første opningskveld for alle i 2015.Frå januar vert aldersgrensa endra. Som før er det fredagar frå 8.klasse, men i staden for heilt opp til 20 år – er den nye øvre aldersgrensa 18 år. Tysdagane er aldersgrensa frå året ein fyller 13 år til 18 år.-Eg gler meg til å treffe både nye og «gamle» ungdommar i 2015. Til dei eg ikkje treffer på fredag: God jul og godt nyttår, avsluttar ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein.