Rolls-Royce Marine har redusert den administrative delen av staben med 125 tilsette. Det skriv nett.no.

I sommar gjekk selskapet ut med ein beskjed om at rundt 350 tilsette ville få tilbod om sluttpakketilbod. Dette fordi selskapet meinte organisasjonen hadde blitt for topptung. I starten var det berre 14 av desse som sa ja til ein slik pakke, som besto av seks månader etterlønn.

Tilbodet blei naturlegvis forlenga, mellom anna på grunn av at forretningsområda Merchant og Offshore vart slått saman til Commercial Marine.

Teikna nytt organisasjonskart

– Vi har teikna eit heilt nytt organisasjonskart. Det har ført til endringar i leiarstrukturen, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk til nett.no.

Wollbæk fortel at det er trist at mange gode kollegaer no er vekke, men at endringane var heilt naudsynte for at selskapet skulle få ein struktur som er godt rigga for framtida.