I 2009 var det to som viste interesse for same tomta i Saunesmarka: Gjerde Invest AS ved Palmar Gjerde og Sija As ved Jarl Andersen. Kommunen hadde møte med kvar av dei i 2010, det ende med at Gjerde Invest fekk tilbod om tomta. Tidleg i prosessen skal selskapet ha fått ein munnleg pris på 110 kr for kvm.

Saka har drege ut i tid, tomta har blitt flytta litt og ho har blitt ein dekar større.

P. Gjerde Holding hevdar at dei sidan november 2013 venta på skøyte/kjøpekontrakt. Dei fekk opplyst at det ville ta nokre veker, men sommaren 2014 måtte dei opne byggelånet for at fakturaene på nybygget byrja kome. Då dei fekk fakturaen stusse selskapet på prisen, 235 kr kvm, men saka hasta og på rådhuset var det ferieavvikling. I ettertid har P. Gjerde Holding vendt seg til kommunen om den høge summen.

Rådmannen ville imøtekome tomtekjøpar noko, og føreslo for formannskapet at dei skulle redusere prisen til 200 kr pr. kvm. Men det ville ikkje formannskapet. Knut Erik Engh fekk fleirtal (6 mot 1) om at tomta er kjøpt og betalt og tek ikkje klaga til følgje.

No har P. Gjerde Holding klaga på vedtaket i Ulstein formannskap, så kommunen må sjå på saka ein gong til.