- Kven er det som eig denne katten? spør Hannelore Måseide. Den svarte, lodne katten dukka opp ved heimen hennar i Lånagjerdet i Ulsteinvik i sommar, nokså tynn og forkomen. Som den dyrevennen ho her, har Måseide gitt katten mat, så no er dyret i godt hold.

Katten har ymta frampå om han ikkje også skal få kome inn i huset hennar, men problemet er at Måseide har ein katt frå før av, Teddy, og han er ikkje vidare begeistra for den framande gjesten.

Hannelore Måseide har difor installert den firbeinte gjesten med eit teppe i familiens hundehus for å unngå konfrontasjonar mellom dei to. Etterkvart som det har blitt kaldare i veret har oppmodingane frå den svarte katten om å få sleppe inn blitt stadig meir intense, men Teddy held på sitt.

Måseide ser difor inga anna råd enn å etterlyse eigaren av katten.

Veit du kven som er den rettmessige eigaren av katten kan du ta kontakt med Hannelore Måseide i Lånagjerdet i Ulsteinvik.