Kommande måndag og tysdag er årets verste dagar med tanke på uhell i trafikken.

Alle ønskjer seg noko fint til jul. Ein kostbar bulk frå ei handlevogn eller ein dult i sida frå nabobilen står derimot langt nede på ønskjelista.

Kraftig auke i trafikken

Fram mot jul aukar trafikken kraftig, spesielt inn mot byar og større kjøpesentra. Når mange har dårleg tid og kjempar om dei same parkeringsplassane, går det lett gale.

– I år fell julekvelden på ein onsdag. Det er difor naturleg å peike ut måndag og tysdag som dei helt store bulkedagane denne månaden, seier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.

Møre og Romsdal

I dagane rett før jul vil det smelle nærmare 75 gonger dagleg i dette fylket, en auke på  nærmare 50 prosent i forhold til det som er normalt.

– I snitt betaler forsikringsbransjen i dette området ut fleire millionar kroner etter småskadar kvar einaste dag før jul. I tillegg er det store mørkefall, seier Voll.

Høgt tempo og mykje stress

– Den siste veka før jul er for mange svært travel, og det er rekordmange bilar ute på vegane, seier Voll. Denne tida av året vert dominert av ulike parkerings- og ryggeskader.

– Ein liten bulk frå ei handlevogn kan koste fleire tusen kroner, seier han vidare og tipsar om at dersom du er ute litt tidlegare på dagen er det færre folk og lettare å finne ein grei parkeringsplass.

– Stress ned, rygg inn og parker litt unna inngangspartiet er gode tips for å unngå skader, seier Voll.

Få skadar 1. juledag

I romjula går mengda skadar kraftig ned og mengda av innmeldte skadar til forsikringsselskapa vert halvert. Første juledag er historisk ein av dei dagane med færrast skader. I Møre og Romsdal vert mengda med skademeldingar redusert til 23 denne dagen.

– Sjølv om jula er travel for de fleste, er det ein god ide å ta det litt meir med ro. Det er betre og sikrare for omgjevnadene og kan spare deg for tusenvis av kroner, avsluttar Voll.

Flest skadar i førjulstida er:

1. Rygge- og parkeringskadar

2. Påkjørsel bakfrå

3. Kollisjonar i rundkjøringar og vegkryss