Under handsaminga av 2015-budsjettet kom fleire talarar inn på det faktum at Hareid kommune sine  aksjar i Tussa kunne kome til å gå med i ”dragsuget” når og dersom kommunen vart samanslegen med andre kommunar.

Det var sjølvsagt Ulstein kommune dei fleste tenkte på.

Møtet enda med eit knapt fleirtal (11-10) for eit verbalforslag frå Perny Ann Nilsen (FrP) om å be ordføraren legge fram ei sak i generalforsamlinga til Tussa om å få utgreidd vilkåra for å selje kommunen sine B-aksjar.

Sal av Tussa-aksjar var nemleg ein sentral post i FrP sitt budsjettframlegg.

FrP sitt samla budsjettforslag vart rett nok nedstemt med klar margin (4-17), men FrP fekk fleirtal (11-10) for verbal-forslaget om vurdering av sal av kommunen sine B-aksjar.

Perny Ann Nilsen meinte første steg i så måte måtte vere å undersøke om det var muleg å få omgjort B-aksjar til salbare A-aksjar.

- Også Herøy vurderer å selje B-aksjane sine – og Hareid kunne gjere ein offensiv i lag med dei, foreslo ho.

Nilsen og FrP ville nytte frigjorde Tussa-pengar til å gjere investeringar i Hareid sentrum, i første rekke i eit oppvekstsenter og eit fleirbrukshus.Partikollega Truls Håbakk meinte det var viktig å posisjonere seg før den komande kommunesamanslåinga.

Sølvtøyet må ikkje fare over fjellet

- Eg vil ikkje at sølvtøyet (Tussa-aksjane) skal fare over fjellet. Eg vil bruke desse pengane på Hareid, sa Håbakk og presiserte at han ikkje ville ligge ”i bagasjeromet” og vente på kva som skulle skje.

Kjersti Røyset Topphol (KrF) var den første utanom FrP som sa at ho ”såg poenget” med Tussa-aksjane i høve til ei kommunesamanslåing. Ho såg også for seg risikoen for at aksjepengane kunne kome til å forsvinne ut i Ulstein Arena eller til eit kvart slag anna. Ho kunne derfor tenke seg å stemme for å gå inn i ei nærare vurdering av vilkåra for eit aksjesal.

Stian Runne Brandal (AP) tok no ordet og åtvara mot å gå inn i ein kommunesamanslåingsprosess med den innstillinga at andre ikkje hadde gode hensikter med ”våre verdiar”.

-  Eit ekteskap der du trur at den andre parten kjem inn i heimen din for å stikke av med alle dine likvide midlar, er ikkje liv laga, meinte han og bad dei som trudde at andre kommunar ville utnytte Hareid, om å revurdere synspunkta sine.

Truls Håbakk (FrP) svara at han hadde god tru på eit godt ekteskap gjennom kommunereformen, men han ville gjerne pynte bruda før den tid – og så leve lykkeleg alle dagar ...