I juni år kontraherte Rem Offshore ASA eit OCV-skip hos Vard Group. Etter avtalen skulle leveringa skje i første kvartal 2016.

Men dei utfordrande marknadsforholda akkurat no gjer at Rem Offshore og Vard Group har blitt samde om å utsetje leveringa av skipet til første kvartal 2017.

Reiar Åge Remøy seier til Sunnmørsposten at det er første gong Rem Offshore utset bygging av eit skip.

- Vi veit ikkje om marknaden blir dårleg i 2016. Men det er ikkje naturleg å tru at det rettar seg opp i løpet av kort tid, seier han.

Nybygget er eit stor ankerhandteringsfarty, med ein prislapp på om lag 800 millionar kroner. Det blir ikkje aktuelt å utsetje bygget med meir enn eit år.

Remøy fortel vidare at kontrakten ikkje er endra på andre måtar enn at bygginga er utsett med eit år. Det er såpass kort tid sidan båten var bestilt at det er mogleg å gjere denne endringa, og vi nytta sjansen til å gjere dette i samarbeid med Vard, uttaler Remøy.

Han legg til at Rem Offshore har eit godt samarbeid med Vard, og at reiarlaget opp gjennom åra har kontrahert om laag 10 båtar hos Vard.