Med 12 mot 9 stemmer vedtok Hareid kommunestyre i siste møte å starte ein vurderingsprosess med tanke på å  legge ned Hareid barnehage frå 1. august neste år.

Det var Framstegspartiet v/ Perny Ann Nilsen som foreslo dette som eit verbal-framlegg i samband med budsjett-handsaminga.

Administrasjonen blir beden om å legge fram ei sak for kommunestyret snarast i 2015.

Eit premiss i vedtaket er at søkjarar som set Hareid barnehage som førsteval frå hausten 2015, vil - så langt det let seg gjere - få plass på andrevalet.

Det vil følgje naturleg av ei nedlegging at kommunen vil prøve å selje eigedomen. Administrasjonen blir derfor beden om å legge fram ei sak om eit slikt eventuelt sal innan utgangen av oktober.