I fjor gjorde det talrike oslokoret Mosaic det. Fredag kveld greidde tre unge kvinner som kallar seg Sans det same: Å fylle Hareidskyrkja i den travle adventstida både med folk og juletonar.

Kyrkjeromet var spent i eit raudt lys, henimot det rosa, som gav ei forventning om at søte juletonar var på veg.

Ein av songarane påstod at dei hadde hatt berre ei veke å øve på. Det gjekk det ikkje an å høyre, sjølv om julekonserten var av det kortare slaget – med sine berre tretten tre-stemte songar.

Repertoaret var ei blanding av dei mest populære  og kjende julesongane, med ein viss vri over mot songar som har slått gjennom i den siste generasjonen, som Carola-songen ”Himlen i min famn” og den uvanleg tekst- og tonegode ”Nordnorsk julesalme”. Desse to framføringane var kanskje dei beste i konserten. På ”Nordnorsk julesalme” var Iris Roppen Tangen frå Hjørungavåg solist – og det var ikkje berre det at ho song for heimepublikum som gjorde at ho fekk sterk trampeklapp. Ho har verkeleg ein sjeldan fylde og fin valør i stemma si.

Som dei tre trestemte sa det: Dette var ”jakta på julestemninga”, samla i dei tre forhåpningane ”snø på bakken”, ”å møte familien igjen” og ”gå på julekonsert”.

Sans serverte gløgg før og etter konserten – og i kveld laurdag held dei same konserten inne i fjordbygdene – i Stordal.