På Alvehaugen har ein fått endå ei glede i førjulstida, denne gongen gjennom ei flott julegåve frå Saniteten i Ulstein.

– Vi bad alle styra i sanitetsforeiningane i kommune om å kome med gode forslag til gåver vi kunne gje. Då var det ei som forslo ein blærescanner, forklarer Perly Pedersen.

Og det var eit forslag som gav gehør på Alvehaugen.

Kari Janne Ringstad fortel at ho var i kontakt med Saniteten om ein slik blærescanner og at det var berre positive tilbakemeldingar heilt frå starten. Ho sende ein søknad til Saniteten i Ulstein, og det endå med at gåva kom på plass i god tid før jul.

Minkar faren for infeksjon

– Denne kan spare ein god del legebesøk og skal vere lett å bruke for helsepersonellet på sjukeheimen og heimesjukepleien. Vi håpar at den kjem godt med og blir godt bruk, slår Perly Pedersen fast, og legg til at det er ei glede for Saniteten å kunne bidra til betre helse for dei eldre.

Med den nye scanneren kan helsepersonellet hjelpe bebuarane, og kanskje spesielt dei som har vanskar med å kommunisere problema sine, til å sjå om det er noko i vegen.

– Då kan vi måle resturin utan å måtte bruke kateter og det kan minke faren for at det oppstår infeksjon, fortel Gunn Helen Muren og Kari Janne Ringstad.

Dei slår også fast at dei er opne for at også andre enn dei som er bebuarar på Alvehaugen skal kunne nytte scanneren om dei blir tilvist av lege, og at det såleis er ei gåve som kan kome mange til nytte. Ein har nemleg ikkje tilsvarande utstyr på legesenteret i Ulstein.

– Dette ultralydapparatet er eit etterlengta verktøy som kan brukast for å førebygge unødvendige infeksjonar, fortel dei.

– Eit slikt apparat har det vore snakka om lenge.

Blærescanneren som Saniteten i Ulstein har finansiert kostar 62.000 kroner og er såleis ei imponerande julegåve, men sanitetskvinnene har også fleire prosjekt.

Dei har vore med i Strøsandprosjektet som er organisert av Frivilligsentralen, og samla inn pengar til strøsand for heimebuande eldre.

Saniteten har også ordna nytt servise til 100 personar på Bygdastova, så den aktive gjengen spreier mykje glede i tida inn mot jul.