Eldre heimebuande i alderen 75-81 år får i desse dagar ei gratis strøsandboks levert på døra. I tillegg fekk alle ein sekk med strøsand til påfylling. Folkehelsekoordinator i Ulstein og dagleg leiar ved Ulstein Frivilligsentralen har i haust samarbeidd om prosjektet, med god hjelp frå fleire andre aktørar. Føremålet med prosjektet er å redusere risikoen for fallulykker. Samtidig ynskjer vi å senke terskelen for å kome seg ut no i vinterhalvåret.

Fallulykker er ein vesentlig årsak for beinbrot, og eldre er særleg utsett for slike ulykker. Fallulykker er årsak til om lag 10 000 hofteleddsbrot i året hjå personar over 65 år. Om vinteren når det er snø og glatt ute, kan somme kvi seg for å gå ut, av frykt for å falle. Med desse strøsandboksene kan dei enkelt strø til dømes ved inngangsdøra. Dette kan vere det som skal til for at ein føler seg trygg til å gå ut, om ein så skal til postkassa, ein lengre tur eller på sosiale aktivitetar og møteplassar. Strøsandboksene er på nokre få kilo, og egnar seg godt til å strø mindre områder.

Fleire samarbeidspartnarar

Fleire aktørar har som nemnt bidratt til prosjektet. Ulstein Betiongindustri AS har sponsa og levert sanden, og elevar frå ungdomsskulen og medlemmar ved Frisklivssentralen har hjelpt til med å fylle opp dei 150 sekkane. Ulsteinvik Sanitetsforening og Hasund og Sundgot Sanitetsforening har saman med kommunen bidratt økonomisk, og stilte også opp når strøsanden denne veka skulle køyrast ut. Det same gjorde ungdomsskuleelevane, som også var med og leverte ut gåva til dei eldre. Nokre andre frivillige var også med.