Arbeidsmiljøutvalet i Hareid kommune har vedteke å opprette ein årleg arbeidsmiljøpris på kr. 10.000. I forkant av kommunestyremøtet i Hareid torsdag vart prisen delt ut for første gong.

Vinnarar vart rådgjevar ved Hareid ungdomsskule Alise Jørandli Flakk og korttidsavdelinga på Hareid sjukeheim v/Astrid Strømsvåg Rise. Dei deler prisen.

Perdis Holstad Reitan frå arbeidsmiljøutvalet fortalde først at det hadde kome inn forslag på fire gode kandidatar. Om dei to likeverdige vinnar-ane sa ho blant anna at Alise Jørandli Flakk hadde ei eiga evne til å bygge opp og få elevane til å få tru på seg sjølve.

Korttidsavdelingspersonalet på sjukeheimen fekk skryt for å vere svært bevisste på å gi positive tilbakemeldingar. – Alle dei kjem i kontakt med føler at dei blir godt mottekne og ivaretekne. Det låge sjukefråværet berre understreka dette, sa ho.

– Å sjå elevane

Etter at ordførar Anders Riise hadde delt ut prisen, sa Alise Jørandli Flakk seg både overvelda og overraska og glad. Ho fortalde at ho vart tilsett ved Hareid ungdomsskule i 1989 og no har hatt 25 års teneste der. Ho hadde hatt fine år på skulen saman med eit godt og hardtarbeidande personale og mange flotte ungdommar. Frå 2001 har ho vore rådgjevar. Jobben hadde vore både spennande og krevjande. Men ho var glad i arbeidet og hadde sjeldan grudd seg til å gå på jobb. Ho summerte røynslene sine med mottoet ”Å sjå elevane og at dei opplever å bli sett”.

Astrid Strømsvåg Rise sa på vegner av personalet ved korttidsavdelinga (somatisk eining) ved Hareid sjukeheim at dei opplevde å ha eit utruleg godt arbeidsmiljø, noko det låge sjukefråværet sa sitt om, trass i lita bemanning. Dei som arbeidde der syntest det var kjekt å gå på jobb og dei var glade for å bli nominerte til prisen.

Skal spreie glede

I statuttane for Arbeidsmiljøprisen står det blant anna at han skal delast ut til ei resultateining, ei avdeling, grupper eller enkeltpersonar som spreier glede, tek initiativ og skaper positiv endring og utvikling i arbeidsmiljøet.

Ordføraren skal dele ut prisen årleg på maimøtet i kommunestyret. I år vart det eit unntak.