Natta vart truleg ikkje avslutta slik ein bilførar i Ulsteinvik hadde tenkt seg. Klokka 05.20 søndag morgon sladda han kraftig med bilen sin. Men ein politipatrulje kom like bak og såg åttafæra. Føraren vart stoppa, og han blir meldt for uforsvarleg køyring på glatt føre.

Mannen erkjente straffeskuld og vil få eit forenkla krapengekrav.

Køyr forsiktig

Sunnmøre Politidistrikt melder om svært glatte vegar i dag sundag. Til no har det ikkje ført til alvorlege hendingar, men dei oppmodar folk om å køyre forsiktig.