Politiet melder om vanskelege køyreforhold mange stader på Sunnmøre i dag.

I morgontimane vart det rapportert at fem vogntog stod fast på veg opp til Strandafjellet frå Sykkylven. Dei fekk lagt på kjetting, og kom seg vidare.

Rundt klokka 12.30 kom det melding om at eit utanlandsk vogntog sperrar Fylkesveg 60 mellom Hellsesylt og avkøyringa til Nordangsdalen i Stranda kommune.

Det er all grunn til å vere godt skodde når bilane skal over fjellovergangar.