Hareid ride- og køyreklubb har om lag 70 medlemer, og klubben disponerer 3 av hestane i stallen til Otto Liavaag.

To av dei er fjordingar, den tredje nordlandshest.

– Det er gode, norske rasar som passar godt når barn skal lære seg å ride, kommenterer Silje Folkestad Dahl, instruktør i Hareid ride- og køyreklubb.

Det er aktivitet i stallen alle dagar i veka. Enkelte kjem for å stelle og mate hestane, for å møkke – eller for å ride.

Klubben har også sin eigen ridehall like i nærleiken av stallen. Han er 45 meter lang og 22 meter brei. I tillegg er der også bygt ei ridebane.

– Ridehallen gjer det mykje enklare å ride også vinterstida og når regnet høljar ned, forklarer Silje Folkestad Dahl.

Nye ridekurs

Andre veka i januar inviterer klubben til nye ridekurs med Folkestad Dahl som instruktør. Kursdeltakarane blir delt inn på fleire nivå, og aldersgrensa blir frå fire år og heilt opp til vaksenalder.

Folkestad Dahl er frå Lerstad i Ålesund og starta på sitt førs-te ridekurs alt då ho var to år gammal. Så snart ho vart gammal nok til å ride sjølv, melde ho seg inn i rideklubben på Lerstad. Ho har også vore medlem i Borgund dyreklubb, så dyreinteressa har alltid vore der.

– Hesteinteressa fekk eg frå mor mi. Ho har drive med hest sidan ho var ung.

Silje Folkestad Dahl har gått mange kurs for å bli rideinstruktør, og ho har eigen stall i Alvika i Ålesund. Ho har vore tilsett i Hareid ride- og køyreklubb i vel eit år – og i tillegg til å instruere i klubben, tek ho også på seg privattimar. Ho pendlar frå Ålesund til Hjørungavåg kvar dag.

– Det går godt an å begynne å ride i vaksen alder også. Dei siste åra har eg opplevd at fleire foreldre som kjem med barna sine, også vil lære seg å ri, fortel ho.

Flest jenter

Dei fleste som steller i stallen er jenter, men Sigurd Liavaag, far til Otto, fortel at der også er nokre gutar som har blitt fanga av hesteinteressa.