- Lynet slo ned på Eggesbøneset og Myklebust i Herøy fredag kveld, fortel Ottar Arne Hareide i Hareide AS.

Han fortel at lynnedslaga slo ut kabelnettet som han held på med samt telefonar og straumen i området.

- Det meste blei teke av lynet. I alle husa eg har vore i har mellom anna tv'ar blitt slått ut, fortel Hareide og legg til at mange har måtte gå til innkjøp av nye apparat etter uvêret.

Hareide seier at han har fått fortalt om store skader hjå mange i området.

- Eg har aldri opplevd noko liknande i løpet av dei 40 år eg har helde på, fortel Hareide som har vore i sving 14 timar om dagen for å kome i mål med skaderettinga før jul.

Han fortel at trafoar han har hatt på kabelnettet vart heilt øydelagde, og at folk i området fortel om dei kraftige kreftene som har vore i sving.

- Eg blir fortalt om kulelyn som dansa over bakken og eit krater rundt ei flaggstong der lynet slo ned, seier Hareide.

Mørenett fortel at dei fekk skader på nokre trafoar fredag, men at dette vart retta opp i løpet av kort tid. Derimot har Tussa IKT hatt nokre problemer i etterkant av lynnedslaga.