Ordførar Jan Berset sa nokre velvalte ord før han tok startpistolen og retta han i vêret. Med eit smell sendte han i veg åtte Dimna IL-utøvarar som saman braut målbandet, og dermed stod for den offiselle opninga av den nye Ulsteinhallen, eit praktanlegg utan sidestykke i vår region. For ordens skuld må det nemnast at det var stortalentet Karsten Warholm som braut bandet først.

Litt før på dagen var det omvisning i hallen for spesielt inviterte, mellom anna Ulstein kommune, idrettslaga Dimna IL og IL Hødd, Ulstein vidaregåande skule, kommune- og fylkespolitikarar, representantar frå fylkeskommunen, dei ulike entreprenørane og media. Det var arkitekt Georg Grimstad i Bucci arkitektur og design AS som stod for omvisninga, og etter den var det middag og talar. Her tala mellom anna fylkesordførar Jon Aasen, som sa dette om den nye Ulsteinhallen:

- Dette er eit skuleeksempel på kva ein kan få til saman.

Kort veg frå idé til realisering

Kimen til den nye hallen vart sådd under eit friidrettsstemne i Ranheimhallen i 2011. Leiinga i Dimna IL kom i tankar om at ein slik hall kunne dei  tenkje seg å ha i Ulsteinvik også. Dermed reiste dei heim og jobba i det stille utover våren. Etter det blei andre aktørar også med. Ulstein kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og IL Hødd for å nemne dei fremste. Også lokale investorar blei med på spleiselaget, mellom anna Ulstein Group, som også er Dimna IL sin hovudsponsor. Prosjektleiar har vore Idar Moldskred i Conplan AS, hovudentrepenør har vore Rise Bygg AS, og ei rekkje andre lokale aktørar har vore med som underentreprenørar. No står den nye prakthallen klar til bruk, både for idretten i kommunen, men også for dei ulike aktørane innanfor kulturlivet.

- Denne hallen vil vere ei velsigning for oss dei neste 40 åra, seier kulturleiar i Ulstein kommune, Leif Ringstad.

Les meir om opninga i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.