Resultatet for hjortejakta på Søre Sunnmøre er no komplett etter at Ørsta og Sande har sendt inn resultata sine.

Det viser seg at det totalt har vore ein nedgang på 175 dyr frå 2013.

I Ørsta vart det i fjor felt 756 dyr, som er ein nedgang på 26 frå året før. Fellingsprosenten var 64,7.

I Sande vart det i fjor felt 107 dyr, mot 109 året før. Fellingsprosenten var på 74,8.

Hareid var einaste kommune med auke i fellingsresultatet frå 2013 til 2014 (+ 7). Forklaringa er at det ikkje var jakt i Brandal i 2013.

Nedgangen i dei andre kommunane er slik:

Volda – 77

Vanylven – 74

Ørsta – 26

Sande – 2

Herøy – 2

Ulstein - 1