Tysdagskvelden 24. februar ber frivilligsentralane i Ulstein, Herøy, Hareid, Sande, Volda og Ørsta inn til med med Safia Abdi Haase på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik.

Frivilligsentralane vart kjende med Safia og hennar historie gjennom regionskonferansen for frivilligsentralane på vestlandet sist haust. Der og då avgjorde dei at dette ville dei dele. Dei inviterte henne til Sunnmøre. Safia hadde då nett vorte tildelt St. Olavs orden, ridder av 1. kl. for sitt arbeid for å betre livsvilkåra for kvinner og born. Denne sterke og modige dama som kom til Noreg i 1992 som flyktning frå Somalia og åleinemor med to døtre, har motteke ei rekke utmerkingar for engasjementet og innsatsen sin, mellom anna vart ho i 2005 utnemnd til æresmedlem i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Safia Abdi Haase innsåg raskt at ho sjølv måtte ta grep om ho skulle greie seg i Noreg. På Sjøborg fortel ho historia om korleis ho gikk fram for å knekke kodane i møte med det norske samfunnet, skaffe seg utdanning og arbeid og ta tak i utfordringar ho møtte.

I dag bur Safia Abdi Haase i Halden, og arbeider som sjukepleiar i stiftinga Amathea med helseutfordringar for jenter og kvinner med minoritetsbakgrunn. Safia er sterkt engasjert i å førebygge kjønnslemlesting av jenter.

Safia er også ein kulturpersonlegdom. Som kunstnar synleggjer ho sin somaliske kulturbakgrunn med stoltheit.