Om lag 200 tilskodarar fann søndag vegen til Ulsteinhallen for å sjå kampen mellom tabellnaboane Hødd og Rollon. Og dei som kom for å sjå offensiv handball fekk god valuta for pengane.

Kampen starta tett og begge lag følgde kvarandre innleiingsvis. Men 10 minutt ut i 1. omgang satte Hødd-damene inn eit par kjappe mål og måltavla viste 8-5 til heimelaget. Rollon spiste etter kvart opp dette forspranget og ved halvspelt omgang var stillinga 8-8.

Siste halvdel av omgangen var relativt jamnspelt. Hødd skåra eit mål og Rollon følgde opp på same vis. Men i minutta før pause fekk Hødd god uttelling og kunne gå i garderoben på stillinga 18-15.

Etter pausen hadde heimelaget grei kontroll, og Elisabeth Økland glei igjennom forsvaret til Ålesundsklubben gong på gong. Hødd valsa regelrett over Rollon i denne perioden og sikra seg ein ledelse på sju mål ved halvspelt 2. omgang. Då viste måltavla 29-22.

Dette skulle bli ein svært målrik kamp og målkalaset ga seg ikkje før det sto heile 39-30 til heimelaget. Som resultatet tilsei var dette ein kamp der begge lag satsa meir på det offensive spelet enn det defensive.

Hødd hadde dei to foregåande kampane møtt topplaga Ørsta og Godøy, der begge kampane endte med tap. Lindi Galschiødt i trenarteamet var svært nøgd med å ta ein siger i dag.

- Eg synest at vi er flinke og strukturerte og følger dei planane vi hadde satt oss på førehand. Vi heng litt bakpå i forsvar av og til, og då får vi eit par mål i mot. Ellers synest eg vi løyser veldig godt å møte eit lag som spelar 5-1, også spelar vi 5-1 veldig bra sjølv.

På spørsmål om det var nokon ho ville trekke fram ville ho gi ekstra ros til Elisabeth Økland og keeper Marie Ulstein som begge leverte solide prestasjonar i dagens oppgjer.

Neste kamp er mot 2.-plasserte Ørsta onsdag 4. februar i Ørstahallen.

Kampfakta:

Ulsteinhallen, 25. januar:

4.-divisjon handball damer: Hødd-Rollon 39-30 (18-15)

Hødd: Kari Janne Andersen, Ronja-Helen Abrahamsen, Cecilie Roppen, Birgitte Bakken, Thea Tafjord, Karoline Ulstein, Guro Vattøy, Eline Gjestdottir, Henriette Banne, Jeanette Brandal, Elisabeth Økland, Ana Tepuric, Marie Ulstein og Karete Solvang.