Grunna branntilløpet i Skollebakken aktivitetshus torsdag 15.januar var dessverre huset stengt for all aktivitet fram til måndag 26.januar. Det står framleis att arbeid før huset kan brukast som normalt igjen.

- Vi håpar at huset er ope for all aktivitet når vi kjem til februar, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin.

Suksess med ungdomsklubb i gymsal

Bell Ungdomsklubb har i veka som gjekk hatt ope ein kveld i idrettsbygget ved barne- og ungdomsskulen i Ulsteinvik, og fredagskvelden fekk Bell-ungdommane vere i nye Ulsteinhallen.

- Det var veldig kjekt med «gymsalungdomsklubb» der vi eine kvelden hadde om lag 50 ungdommar innom, og den andre kvelden om lag 30 ungdommar, fortel Marie.

Ungdomsarbeidaren fortel at det i framtida også er aktuelt å ha ungdomsklubb i Ulsteinhallen ved særskilde høve: - Vi har eit mål om at vi skal få til eit slikt opplegg, kanskje ein gong i månaden.

Kjellaretasjen klar for bruk

Denne veka blir det imidlertid nesten som normalt igjen med ungdomsklubb i kjellaretasjen på Skollebakken aktivitetshus.

- Kjellaretasjen har ikkje tatt noko skade av branntilløpet då det er ulike ventilasjonsanlegg i etasjane. Dette betyr at vi kan ha ope ungdomsklubb i kjellaren der det er diskotekt og aktivitetsrom, held Marie fram.

Tysdag er det ope frå 18-22 og aldersgrense frå 7.klasse til 18 år. Fredag er aldersgrensa frå 8.klasse til 18 år og opningstida 19-24.

-Eg ønskjer særskild 7.klassingane velkomen tysdagen, og håpar å treffe enda fleire av dei som til hausten byrjar på ungdomsskulen.

Frivilligsentralen og teneste for psykisk helse og rus

I tillegg til Bell Ungdomsklubb held Frivilligsentralen i Ulstein og teneste for psykisk helse og rus hus i Skollebakken aktivitetshus. Aktivitet i hovudetasjen kan sannsynleg gå som normalt frå måndag 2.februar. Dei ulike brukargruppene vil få nærare beskjed om kva som skjer denne veka og vidare framover.