Brynhild Solvang, barnevernssjef i det store interkommunale barnevernskontoret i Volda, skriv i ein e-post at planen har vore at det interkommunale barnevernskontoret skal ha tilgang til eit ”utekontor” i både Hareid, Ulstein og Ørsta.

Men no har ho begynt å lure.

Alle tilsette i denne etaten i dei fire kommuane flyttar inn i Volda rådhus 1. april – og då har tanken begynt å melde seg, skriv Solvang:

- Treng vi verkeleg kontorlokale i både Hareid og Ulstein?

Ho fortel også at det har vore drøfta kor vidt dei eigentleg treng eit slikt kontorlokale i Ørsta også.

Solvang har bede kontaktene sine i Hareid og Ulstein om å kome med innspel innan 9. februar. I eit førebels svar frå kommuneoverlege Ottar Grimstad i Hareid blir det vist til at kommunen har starta arbeidet med planlegging av nytt helsesenter i kommunen.

Han spør tilbake om det interkommunale barnevernet kunne ha behov for utekontor m/samtalerom i dette senteret.