På dei vegane som hadde fotoboksar i åra 2004 til 2010, vart talet på døde og alvorleg skadde omtrent halvert, går det fram av ein rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI).

Talet på personskadeulykker vart redusert med nesten ein tredel den første kilometeren etter fotoboksane, viser rapporten.

Transportøkonomisk institutt har på oppdrag frå Vegdirektoratet evaluert data frå 223 fotoboksar som har vore installerte langs norske vegar mellom 2000 og 2010. Funna viser at talet på personskadeulykker er redusert med 22 prosent frå 100 meter før til 1 kilometer etter fotoboksane. Talet på døde og hardt skadde vart redusert med 24 prosent på dei same strekningane.

Halvering

Fotoboksane har vore enda meir effektive etter 2004. Der er talet på personskadeulykker redusert med 32 prosent på den same strekninga. Talet på omkomne og hardt skadde er redusert med 49 prosent.

Om ein måler fram til 3 kilometer etter fotoboksane, er talet på personskadeulykker redusert med 9 prosent og talet på døde og hardt skadde med 39 prosent.

Tre år før – tre år etter

At verknaden av fotoboksar installerte etter 2004 er større, kjem truleg av at kriteria for å installere fotoboksar i større grad er følgde, ifølgje TØI.

At verknaden spaknar jo større avstanden til fotoboksen blir, kjem av at farten aukar med aukande avstand frå fotoboksen.

Ulykkestala er samla inn tre år før og tre år etter installeringa av boksane.

I tillegg til å redusere talet på omkomne og skadde sørgde fotoboksane i fjor for 212 bøtemillionar til statskassen.