Klokka 22.10 er "Ullensvang" på veg inn mologapet på Hareid, og "Tidefjord" assisterer ikkje lenger.

Det kan dermed verke som om situasjonen no er under kontroll. Bilane køyrer no i land.

Visedirektør Lars Jacob Engelsen i Norled seier til NRK Møre og Romsdal at ferja har hatt ein motorstopp, at det ikkje er personskader og at heile situasjonen var heilt udramatisk.

Norled har ikkje gått ut med noko informasjon på sine nettsider, men regionsjef Inge André Utåker seier til NRK at det er "forbanna irriterande" at problema med ferja kom no.

- Det er enten ei kopling eller giret som har brent seg fast. Det har blitt varmt, og dermed har det kome opp oljedamp, delvis gjennom ventilasjonslukene, seier Utåker til nettstaden.

Problema starta litt før kl. 21.30

Det var like før bilferja "Ullensvang" skulle inn mologapet på Hareid klokka 21.30, gjorde ho heilomvending og for ut att på fjorden.

Passasjerane om bord fekk melding over høgtalaranlegget om at det er røykutvikling i maskinrommet, og at dei skulle halde seg på bildekket.  Etter kort tid kom det melding om at situasjonen var under kontroll. Men passasjerar som har kontakta vikebladet.no opplyser at det kom melding om ny røykutvikling.

Ferja "Tidefjord" som låg ved kai på Hareid, gav ventande bilar på ferjekaia beskjed om at det ikkje vart nokon tur over til Sulesund, og så la Tidefjord kursen ut mot fjorden for å assistere "Ullensvang"

Vi kjem tilbake med oppdatering så snart vi veit meir.