Olav Myklebust frå Gursken i Sande har site i ferjekø på Sulesund sidan klokka 21.45 i kveld. Han skulle ta ferja til Hareid klokka 22.00 til Hareid. Men inga ferje kom.

- Informasjonstavla her på Sulesund er heilt svart, og eg har prøvd å få informasjon via driftsmeldinga til Norled, men heller ikkje der er det opplysningar å få, fortel Olav Myklebust.

Klokka 22.55 hadde det enno ikkje kome ferje til Sula for å hente dei ventande bilane.

- Vi må rekne med at uforutsette ting kan skje, det må vi akseptere. Men eg aksepterer ikkje at informasjonen til Norled er så dårleg, kommenterer Myklebust.

Han kom frå eit politisk møte i Møre og Romsdal Senterparti, og etter kvart vart frustrasjonen i ferjekøa så sterk at han tok ein telefon til partikollega Oddbjørn Vatne, leiar i samferdselutvalet i Møre og Romsdal, for å klage på den manglande informasjonen.

Siste:

Tidefjord var klokka 23.00 på veg mot Sulesund for å frakte ventande bilar til Hareid