Victoria hadde vore på eit møte ved Akademiet i Ålesund, og tok ferja heim til Hareid saman med mor si klokka 21.00 frå Sulesund.

15-åringen låg i bilen og sov då mora oppdaga at ferjemannskapet sprang i stor fart framover dekket. I det same gjorde "Ullensvang" ein stor snuoperasjon, og i staden for å fare inn mologapet, vende ho ut i fjorden att.

- Over høgtalaren fekk vi beskjed om at det var røykutvikling i maskinrommet, men at vi ikkje måtte få panikk. Dei gav oss også beskjed om at vi skulle halde oss i bilane på dekk. Ikkje begynne å gå ut, fortel Victoria Riise Erdal.

Etter kort tid vart det opplyst over høgtalaren at situasjonen var under kontroll.

- Men så kom det kontrabeskjed om at røykutviklinga hadde tatt seg opp att, legg ho til.

- Då vart eg litt bekymra, det er vel normalt. Men eg klarte å halde roa likevel, for alle andre, inkludert mannskapet, informerte oss på ein så roleg måte.

Då passasjerane fekk beskjed om at "Tidefjord" skulle kome for å assistere "Ullensvang", rekna dei fleste med at det var snakk om evakuering. Men det vart ikkje naudsynt. "Ullensvang" kom seg inn til ferjekaia på Hareid for eigen maskin, om enn i sakte fart.

- Eg har ikkje blitt redd, men det som har skjedd kan ikkje vere særleg kjekt for ferjeselskapet, kommenterer 15-åringen.

Regionsjef Inge Andre Utåker opplyste til nrk.no tysdag kveld at mykje tyder på at "Ullensvang" vil vere ute av drift i lang tid.