Røykutviklinga i maskinrommet på "Ullensvang" tysdag kveld, gjer at ho no iikkje kan nyttast i sambandet Hareid-Sulesund. Regionsjef Inge Andre Utåker opplyste til nrk.no tysdag at ho vil vere ute av drift ein periode.

I staden er reserveferja "Høgsfjord" sett inn i sambandet. Ho tek berre 75 bilar, og folk må rekne med ventetid.

"Høgsfjord" gjekk i sambandet måndag, og då var det mange bilar som stod att.