- Resultatet av dei vala fylkeskommunen gjorde då dei aksepterte tilbodet frå Norled, og dei konsekvensane dette har for samfunnet når transportøren set inn gamalt materiell, ser vi no, skriv dagleg leiar i Maritim forening for Søre Sunnmøre, Terje Høybakk, i eit brev til samferdselsavdelinga i fylkeskommunen og til samferdselspolitikarane i fylket.

Les også: Røykutvikling på Ullensvang

- Kva var det vi sa?

Høybakk innleier brevet med å syne til at det allereie mot slutten av 2013 vart spådd at det kom til å oppstå tekniske vanskar når M/S "Ullensvang" vart sett i drift frå nyttår 2015.

- Det tok 25 dagar før set første tekniske problemet oppstod og ferja måtte på verkstad og 27 dagar ut i kontraktsperioden før ho måtte på verkstad for motorhavari som følgje av brann, skriv Terje Høybakk.

Kva synest du om ferjetilhøva? Sei di meining på våre Facebook-sider.

MAFOSS-leiaren minner om at han i mange brev tidlegare har påpeika at det som no skjer er uverdig for samfunnet som vert råka.

- Næringslivet vert råka hardt, det samme vert pendlarane og folk som skal nå både sjukehus, fly, ja, kva som helst. Kor mykje tenkte fylkespolitikarane på dette då dei godtok tilbodet frå Norled? Vi som bur og lever her på søre Sunnmøre kan ikkje og vil ikkje akseptere at de gjer slike vedtak lenger. Vi lever og bur i ein av verdas mest innovative og for tida svært aktive område for maritim og biomarin industri, og vi er heilt avhengige av å ha ein infrastruktur som fungerer 100% heile tida. Ikkje stykkevis og delt med avdanka gammalt materiell, skriv Høybakk.

Forventar handling

I brevet skriv MAFOSS at dei no forventar at fylkeskommunen gjer noko med det gamle ferjemateriellet som er sett inn i samband på søre Sunnmøre.

- Vi forventar at det kjem på plass ei 120 bilars ferje som er stødig nok og kapabel nok til å trafikkere i dette sambandet. Dette må Norled forstå snarast, skriv Høybakk som spår at M/S "Ullensvang" kjem til å få mange havari framover.

- Det er ei naturlov for alt som er gamalt, heiter det i brevet.

Dersom ikkje nytt ferjemateriell kjem på plass, i tillegg til ei ferje nummer tre over Hareid - Sulesund, meiner Terje Høybakk og MAFOSS at både næringsliv, arbeidstakarar og alle andre få oppleve ein kvardag som vil verte verre og verre for kvar dag.

- Dette trudde vi ikkje var mogleg i 2015. No må nokon ta øyeblikkeleg ansvar. No er nok nok, avsluttar dagleg leiar i MAFOSS.

Les også: Redusert kapasitet

Les også: - Eg fekk aldri panikk