Måndag vart Blue Storm overlevert frå Ulstein Verft, og Nordic American Offshore har no, inkludert Blue Viking, fått overlevert i alt åtte PSV-skip frå Ulstein sidan 2012.

Dei første Blue-skipa vart bygde for Blue Ship i Ulsteinvik, men i 2013 vart flåten oppkjøpt av amerikanske Nordic American Offshore.

Dagleg leiar Karsten Sævik i Remøy Shipping seier til avisa Vestlandsnytt at selskapet dei siste åra har teke på seg så mykje at dei no har behov for å konsolidere. «Blue Viking» skal V-Ships i Aberdeen ha managementet på, og dei to siste Blu-båtane som Ulstein Verft bygjer skal drivast av andre.

Remøy Shipping driftar i alt 15 skip. «Blue Storm» skal etter planen setjast inn i spotmarknaden, og hittil har båten ikkje fått oppdrag.