Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kontrakten med ferjeselskapet. Leiar i samferdsleutvalet, Oddbjørn Vatne (Sp) meiner tysdagens hending viser at ein har hatt god grunn til å stille spørsmål ved Ullensvang.

– Før jul kalla vi inn Norled og fortalde om bekymringane våre knytt til om denne ferja kunne oppfylle krava vi har til ferjeselskapet om å levere i forhold til kontrakten. Då fekk vi beskjed om at ferja ville klare seg godt i dette sambandet. Så skjer dette no, berre nokre veker inn i kontraktsperioden. Eg ser regionssjefen for ferjer i Norled fortel i Sunnmørsposten at slike problem kan oppstå når ein pressar fartøy for hardt.

- Fylkeskommunen vil følgje godt med

Med bakgrunn i det som har skjedd ber vi no Norled ta ei ny vurdering på om dette fartøyet eigentleg egnar seg i sambandet. Vi i fylkeskommunen kjem til å følgje godt med. Vi kan ikkje la folk stå igjen på kaia, verken private eller næringslivet som har dette som ein av sine viktigaste transportvegar, seier Vatne.