Vel ei veke før Jaa9 & OnklP inntek Trudvang er det framleis temmeleg kaotisk i romma. Møblar, teknisk utstyr, flasker og  gardiner ligg slengt omkring. Men arrangørane forsikrar at alt skal vere på stell til konserten.

OnklP har gjennom serien «Hver gang vi møtes» på TV2 blitt rikskjendis, og på spørsmål om korleis «Fantehus»-gjengen har klart å få dei til Hareid, er svaret enkelt:

- Vi ringte og spurte om dei ville kome. Og klart dei ville det, «Fantehuset» hadde førsteprioritet, svarer Ali Gjerde, som saman med Marton Muren og Ådne Andersen står som arrangørar.

Gjerde legg til at det for Jaa9 & OnklP må vere eit scoop å få spele på Fantehuset. Dei får vere med på noko som ikkje så mange andre kjendisar får oppleve.

Middag, flaxlodd og manneblad

Jaa9 & OnklP er for tida Norges mest kjende rappeduo. Dei slo gjennom på tidleg 2000-talet  med låtar som   «Kjendisparty», «Glir forbi» og «Fredag».

OnklP har vunne «Spellemannsprisen» to gonger, og saman med «De fjerne slektningene» har han no hiten «Styggen på ryggen».

Marton Muren i arrangørgruppa røpar at dei har skrive under på ein kontrakt om kva duoen forlangar «backstage».

- Dei skal ha middag, tre flakslodd og eit manneblad.

261 personar

Billettar til konserten blir selt ved Mix i Ulsteinvik og på nettsida til Fantehuset, og arrangørane melder om stor interesse.  Etter brannforskriftene er det ikkje lov til å ta inn meir enn 261 personar, og arrangørane er no i dialog med Hareid kommune om den saka. Dei har også søkt om ambulerande skjenkeløyve for kvelden.

- Vi skal stenge av mot riksvegen, forsikrar dei.

Sidan stiftinga «Fantehuset»  tok over Trudvang, er det lagt ned fleire tusen dugnadstimar. At Jets på eige iniativ ringde og tilbaud dei gratis toalett, synest gjengen er stor stas.

- Då får Jaa9 & OnklP - og andre stjerner, ha eige toalett, forklarer dei.

«Skog» varmar opp

Oppvarmarar for rappeduoen blir «Skog», med Sondre Skorgen i spissen.

I utgangspunktet skulle også «Side brok» kome, men hadde dobbel-booka, så arrangørane håper dei i staden kan kome ein annan gong.

Elias Liavaag med pumpe og klosett som skal installerast før Jaa9 & OnklP kjem til Fantehuset