Renathe Rossi-Kaldhol (Arbeidarpartiet) nytta høvet til å klage over at det er mørkt i Sjøgata då Ulstein formannskap skulle diskutere oppstart av arbeid med trafikktryggingsplan.

- Det er ikkje enkelt som bilist i mørkret og regnet å sjå fotgjengarane, om dei ikkje har på seg refleksvest, påpeikte ho.

Arne Runar Vik, teknisk sjef, svara at dei jobbar med saka. Vegvesenet hevdar dei held seg til krava. Pål Grødahl (Venstre) støtta Rossi-Kaldhol i at der er mørkt. Dei må få betre lys i den nye, fine gata.

Vik kunne opplyse om at dei både skal ha møte med barnehagestyrarane og skuleleiarane for å få innspel til planen. Det vart ytra ønskje om at dei også bør involvere eldre og funksjonshemma. Planen blir sendt på offentleg ettersyn ein gong før sommarferien. Og han skal vere ferdig i løpet av året.