Det er ikkje berre sambandet Hareid - Sulesund som opplever problem med ferjene. Ved årsskiftet overtok ferja "Ølen" sambandet mellom Årvik og Koparnes etter "Austevoll". "Ølen" tek 50 bilar, noko som er femten fleire enn "Austevoll". Til gjengjeld er ho to år eldre, bygd i 1977.

- Snakk om fornying, seier vanylvspolitikar Magne Løvoll (Sp) til avisa Synste Møre.

Avisa fortel at "Ølen" etter vel to veker i sambandet fekk maskintrøbbel sist fredag. Dermed hopa det seg opp med bilar på begge sider av Rovdefjorden før "Høgsfjord", som i dag går som reserveferje over Hareid - Sulesund, kom til unnsetning.

- Det burde ha vore ulovleg å operere med så gamalt materiell, uttalar Løvoll til Synste Møre.

Han meiner at det er ein tabbe når det vert skrive nye kontrakter, at det ikkje vert lagt inn ei aldersgrense på materiellet.

"Ølen" er rett og slett for gammal og har eit støynivå som ikkje høyrer heime i dagens trafikkbilete, seier Sp-politikaren. Han forlangar at "Ølen" vert skifta ut og erstatta med "Høgsfjord" fram til "Sand", bygd i 2007, etter planen skal kome på plass i sambandet til hausten.