Vesle "Høgsfjord" og "Tidefjord" klarer ikkje å ta unna ferjetrafikken. Torsdag har det vore mykje bilar som ikkje kjem seg med ferjene frå Hareid og Sulesund, og politiet måtte i dag stille opp for å dirigere trafikken.

- Vi har fått i oppdrag å stå her i tidsrommet 15.00 - 17.00 fortel ein av dei tre politibetjentane som vikebladet.no snakka med.

Politiet må stå der fordi det fort blir kaos når bilar som ikkje kjem med ferja, skal stille seg i felt ein for å bli først på neste tur. Då oppstår det lett kaos.

Men det spørs om politiet ikkje bør stå på ferjekaia ei stund til i dag.

Klokka 17.00 var det framleis over tre filer med bilar som ikkje fekk plass om bord i "Høgsfjord" då ho la frå kai nokre minutt på overtid.

Og på andre sida av fjorden hadde "Tidefjord" problem med å gå frå kai etter ruta. Lange køar på Sulesund gjorde nok stablearbeidet vanskeleg for ferjemannskapet.