I eit høyringssvar til regjeringas forslag om ny postlov foreslår Posten Noreg å slå saman A- og B-post til éi felles teneste for å «tilpasse posttenestene til fallande fysisk brevvolum og endra kundebehov», skriv Nationen.

Styresmaktene har i dag eit krav om at 85 prosent av all A-post skal leverast over natta. B-post skal vere framme etter mellom tre og fem dagar. Forslaget frå Posten om å etablere eit felles system vil gjere at posten vil nå mottakaren på to dagar.

– Dette må sjåast i samanheng med framvekst av digital post kor sendingane kjem fram umiddelbart, og at dei fysiske brevvoluma har falle ytterlegare. Konsesjonskravet om at 85 prosent av all A-post skal leverast over natta vil etter kvart miste betydinga si, meiner konserndirektør Elisabeth H. Gjølme i Posten Noreg.

Senterpartiet meiner ei slik omlegging vil vere problematisk. Stortingsrepresentant Janne Sjelmo Nordås, som sit i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, meiner folk risikerer å måtte vente lenger på viktige reseptar og medisinar dersom A-post blir fjerna.

Systemet med papirbaserte reseptar er likevel i ferd med å bli utfasa til fordel for e-reseptar.