Ei punktering i Eiksund i morgontimane i dag fekk eit litt større omfang enn det ein kunne forvente.

Då ein medtrafikkant stoppa for å høyre om føraren av ein bil med punktert dekk trengte hjelp, kom dette litt brått på for ein bil som kom køyrande bak. Det gjekk ikkje likare til enn at denne brasa inn i bilen til den hjelpsame, med relativt store materielle skader som resultat.

Det er ikkje meldt om personskadar i samband med samanstøyten og bilførarane greidde sjølve å få køyretya sine ut av vegbanen.