Torsdag var bilkøa ved Hareid ferjekai så kaotisk at politiet måtte tilkallast. Fredag vart ein pensjonist hyra inn til å halde styr på bilkøa.

«Ullensvang» er ute av drift på strekninga Hareid-Sulesund etter røykutvikling i maskinrommet tysdag. I staden er det vesle «Høgsfjord» som er B-ferje over fjorden. Ho klarer ikkje å ta unna trafikken, og tordag ettermiddag var det opp til fire bilrader som ikkje kom ferja. Tre politibetjentar vart tilkalla for å halde orden på ventekøa.

Fredag var det pensjonisten Hermann Bakke som tok på seg oppgåva.

Statens vegvesen tek kostnaden

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) fortel at ho tok kontakt med Statens vegvesen tordag, og varsla dei om at noko måtte gjerast for å halde styr på den lange ventekøa ved Hareid ferjekai. Statens vegvesen gav ho løyve til å ta kontakt med folk som kunne ta på seg oppgåva.

- Statens vegvesen tek kostnadene, og Hermann Bakke har sagt ja til å stå på kaia frå 07.45 og eit par timar framover, og deretter ein ny tørn frå klokka 15.00 og til rundt klokka 17.00, opplyser Gjerde.

«Ullensvang»-reparasjonen tek fem dagar

Reparasjonen av «Ullensvang» er stipulert til å ta fem dagar, men fredag var delane som trengst enno ikkje komne til verkstaden. Det vil dermed ta i om lag  ei veke før ferja er tilbake i sambandet.

- I mellomtida har fylket ein pågåande dialog med Norled om å få sett inn ei anna ferje, legg Gjerde til.

Ho oppmodar om at dei som har høve til det, arrangerer felleskøyring for å få ned trykket på bilar som skal over fjorden. I tillegg foreslår ho at dersom det er råd, bør ein skipe ut varer frå kaia på Hareid, i staden for å frakte dei med tungtransport til Ålesund.

Gunn Berit Gjerde opplyser elles at komande onsdag vil ferjesaka på Hareid bli tatt opp i Samferdselsutvalet på fylket.