Januar er ein månad som vanlegvis har relativt høg sesongarbeidsløyse. Justerer ein tala syner det seg likevel at det den siste månaden har vore ein auke i talet på arbeidsledige i Møre og Romsdal.

- Normalt vil arbeidsløysa gå ned utover våren, men grunna blant anna konsekvensar av lågare oljepris er det spenning knytt til utviklinga framover, seier fylkesdirektør i NAV, Stein Veland.

I følgje NAV Møre og Romsdal sine statistikkar er det i januar i år 3 547 personar heilt utan arbeid her i fylket. Det svarar til 2,6 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på  8,9 prosent frå same månad i fjor.

For kommunane på Søre Sunnmøre ligg dei fleste under fylkessnittet. Unntaket er Hareid som med sine 94 ledige, 60 menn og 34 kvinner, har ein arbeidsløyseprosent på 3,5. Dette er ein auke på seks ledige i høve til førre månad og ein auke på sju i høve til same tid i fjor.

Ulstein har 89 ledige, 43 menn og 46 kvinner, noko som utgjer 2,0 prosent av arbeidsstokken. Talet på arbeidsledige har gått opp med 35 i løpet av den siste månaden, men sidan samme tid i fjor har talet på ledige i Ulstein gått ned med fem.

Herøy ligg med sine 122 arbeidsledige nær fylkessnittet. Dei 69 mennene og 53 kvinnene som er utan arbeid utgjer 2,7 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein auke på 31 personar i høve til desember, men ein nedgang på heile 12 personar i høve til januar 2014.

I Sande er talet på ledige menn og kvinner likt: seksten av kvart kjønn var utan arbeid i januar. Dei 32 personane utgjer 2,3 prosent av dei arbeidsføre. Dette er 13 fleire enn i desember, men fem færre i høve til januar i fjor.

Går vi enda lenger sør, til Vanylven, opplever dei ei arbeidsløyse på 2,1 prosent. I reine tal dreier dette seg om 33 personar, 21 menn og 12 kvinner, sju fleire enn i desember, men fem færre enn i januar året før.

Hos våre naboar i aust har Volda 93 ledige (64 menn og 29 kvinner), noko som tilseier ei arbeidsløyse på 2,1 prosent. Det var 15 fleire ledige i Volda i januar i år enn året før og 24 fleire ledige i høve til førre månad.

I Ørsta er det også 15 fleire arbeidsledige i januar 2015 enn i januar 2014. Til saman er 137 utan arbeid i Ørsta. Dette utgjer 2,5 prosent av arbeidsstokken, 90 menn og 47 kvinner, 137 personar var utan arbeid i Ørsta i januar. Dette er 28 fleire enn månaden før

I landet er det 82 577 heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 3,2 prosent samanlikna med same periode i fjor, fortel tala frå NAV Møre og Romsdal.