Den tidlegare rekorden var frå 1991. Den gongen sprang Gaute Melby Gundersen frå Lambertseter distansen på 7,92 i Askimhallen.

Karsten var også svært nær å slette sin eigen junior-19-norgesrekord på 200 meter då han sprang i mål på 21,36, som var tre tidels sekund svakare enn den rekorden han sjølv sette i fjor. Før det var det John Ertzgård frå Tjalve som hadde rekorden - med 21,54 frå 1996 (Stangehallen).

Warholm heldt fram søndag då han vann 60 meter i klasse 18/19 år på 7,00 og høgdehopp i same klasse med eit hopp på 2,00. Han hadde gode forsøk på 2,06, som i så fall hadde vore ny personleg rekord.

Av dei litt eldre utøvarane denne helga tek vi også med at Dimna-gutane Nicholas Roppen Masters og Tobias Skavnes Våge sprang 60-meteren på 7,48 og 7,54. Skavnes Våge fekk i tillegg 8,78 på 60 m hekk.

Ein annan god Dimna-utøvar - Joakim Gustavsen - sprang 800-meter på 2,0080 og 1500-meter på 4,22,31.

Marthe Mjøen Berg, Dimna, vann både 60 m hekk og 200 meter - på 9,00 og 26,34.

Hareid hadde ikkje med så mange deltakarar denne gongen, men dei som deltok, gjorde det skarpt. Vi nemner at Ådne Andersen vann seniorane sin 1500-meter på 4,14,61 og at Simon Grimstad sprang 200-meter på 25,06 og 400-meteren på 54,83 i klasse 16 år (to gull). 14-åringen Kevin Olai W. Svarstad er tilbake etter skadeopphald og hadde ingen problem med å ta KM-gull både på 200- og 600-meter. På 200-meter fekk han tida 26,36.

Gull vart det også på 13-åringen Hanna Holstad Grimstad på 200-meter (29,36).