Jan-Olav Torvik trudde ikkje sine eigne auger då han såg kva som skjedde med bilen som køyrde forbi han på veg ut av Eiksundtunnelen tysdag morgon. Han køyrer ein 7 tonns lastebil til jobb dagleg, og har montert dashboardkamera. Det kameraet fanga opp denne morgonen var direkte skremande, seier Torvik.- Bilen susa forbi, i høg fart. Så byrja han å skli rundt, og sneia så vidt det var forbi to møtande bilar. Det gjekk så raskt at eg nesten ikkje rakk å få meg kva som skjedde. Det første som slo meg då eg såg det igjen var at bilisten jaggu meg har hatt mykje flaks!Han såg ikkje så godt kven det kan ha vore, og han såg heller ikkje nummerskiltet på grunn av tette snøbyger og dårleg sikt. Han har tenkt på om han skal melde saka til politiet, men fordi han ikkje har noko informasjon om sjåføren blir det vanskeleg seier han.La ut som advarsel til andre

Torvik si kone la ut videoen på sin Facebook-konto same dag hendinga fann stad, og klippet har blitt mykje delt. - Grunnen til at eg la det ut på Facebook er fordi dette er direkte livsfarleg, og fordi folk skal vite at dette ikkje er greitt. Det gjekk heldigvis bra denne gongen, men det kunne gått så mykje verre, seier Jan-Olav Torvik.